Gruppene i Tysnes Turlag

Sti/Merkingsgruppa
Me er i gang med å velga ut stiar der det trengs rydding/merking, og har kontakta bygdelaga og idrettslaga om innspel til prioritering av stiar. Ansvarleg for denne gruppa er Karl Lunde.
Turledergruppa
Me ser for oss å arrangere turar om søndager, kanskje så ofte om kvar 14. dag. Og då kjem me til å velje turar på eit par timar, med varierande turmål. Ansvarleg Celine Cevy Dahl.
Padlegruppa
Padleturar er så gøy at me satsar på å få til ein slik tur den fyrste torsdagen i månaden. Krav for å vera med på padletur er våttkort. Ansvarleg for denne gruppa er Ragnhild Malkenes. Frå haust til tidlig vår flyttes padleturane til laurdag eller søndag.
Barnas Turlag Tysnes
Me arrangerer turar for born og familie hver fyrste laurdagen i måneden. Du finner alle turar i turkalenderen eller på Facebook.
Frivillige på arrangement
Me har òg ein del frivillige som vil hjelpe til på arrangement, og ansvarleg for denne gruppa er Christine Breyholtz.